LEDIG STILLING

Fagarbeidar i barnehage - 2 x 100 % fast stilling

Vang

Om barnehagene:

Høre barnehage

Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er ein to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren. I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På veldig kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Fredheim barnehage

Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi utedagar for alle årskulla på stor avdeling. På minste avdeling ein dag for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen.

Søknadsfrist: 31.juli

Vang kommune har ledige faste fagarbeidarstillingar i Fredheim barnehage og Høre barnehage frå august 2024

Me søkjer etter fagarbeidarar som brenn for barna si læring og trivsel! Satsingsområdet for barnehagane er "SmartOppvekst" med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring. 

Kva kan me tilby?

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Ein variert kvardag, med mange spennande arbeidsoppgåver
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Me kan hjelpe til å ordne bustad
  • Løn etter tariff, og gode forsikrings - og pensjonsvilkår

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i leik og aktivitetar
  • Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
  • Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis barne - og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
  • Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
  • Fortrinnsvis med erfaring frå liknande arbeid/ arbeid med barn
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
  • er strukturert og endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

Kontaktpersoner

Heidi Lynge Kvale, Høre barnehage, 90580529
heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no

Karin Trøen, Fredheim barnehage, 92891231,
karin.troen@vang.kommune.no

Søk på stillingen her

Powered by Labrador CMS