Sande barnehage består av to hus i Selstadvegen 11 og Steiavegen 120. I Selstadvegen er dei to yngste kulla våre fordelt på avdelingane Røyskatt, Gaupe og Oter. I Steiavegen er dei 3 eldste kulla fordelt på Reven, Måren og Ekornet. Vi har en draum om at vi i Sande barnehage skal setje spor i barnas liv. At barna skal sitte igjen med gode minner frå barnehagen. Gode minner frå kvardagen, ikkje berre frå dei store flotte prosjekta, tradisjonane og høgtidene, men gode trygge minner frå ei fin tid i eit trygt og godt oppvekstmiljø.
Vil du bidra til eit godt oppvekstmiljø for dei små?
Sande barnehage søker dagleg leiar.
Søknadsfrist: Snarest
Små steg - store spor for framtida
Sande barnehage ligg idyllisk plassert i Sunnfjord kommune, tett på naturen og med kort veg
til fine turar og aktivitetar. Vi har omlag 120 born og 7 avdelingar fordelt på to hus. I
Selstadvegen er dei yngste borna fordelt på avdelingane Røyskatt, Gaupe og Oter. I
Steiavegen er dei eldste borna fordelt på Reven, Måren og Ekornet.
Sande Barnehage ønsker å setje spor i borna sine liv med gode minne i eit trygt og godt
oppvekstmiljø. Hos oss vektlegg vi tid, plass og ro til å leike.
Har du lyst til å jobbe i eit stort fagleg miljø omringa av gode og støttande kollegaer?
I Sande barnehage vil du kjenne deg verdsett frå dag éin. Her vil du bidra til at barna får eit
godt miljø for leik og læring.
Vi er ein barnehage i stadig utvikling, der du vil vere med og forme framtida. Du vil
samarbeide med kollegaer med ulik bakgrunn, erfaring og alder. Saman kjem vi fram til dei
beste løysingane. For at dei tilsette skal vekse og utvikle seg, tilbyr vi kompetanseheving.
Vi verdset verdiar som humor, respekt for barn og vaksne og evna til å skape gode relasjonar.
Struktur og gode system blir vektlagt for ein fin jobbkvardag. Om du kjenner deg igjen i desse
verdiane, trur vi at du kan trivast hos oss.
Som leiar for ein stor barnehage vil du ha god støtte i eit engasjert og kompetent styre.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærarutdanning eller anna pedagogisk utdanning
Leiarutdanning eller minst 5 års erfaring
Kompetanse om nyare digitale verktøy og system
Vi ser etter deg som
Har gode samarbeidsevner
Ønsker å vidareutvikle barnehagen vår.
Jobbar strukturert og målretta
Er opptatt av å skape gode relasjonar.
Om du trur at du kan trivast og gjere ein god jobb som dagleg leiar i Sande barnehage, vil vi
gjerne høyre i frå deg.
Søknad og CV sender du til: soknad@sandebarnehage.no