LEDIG STILLING

Vikariat pedagogisk leiar og fagarbeider

DALE I SUNNFJORD

Elvetun barnehage AS har to ledige stillingar frå 01. januar 2021:

100% vikariat/moglegheit for fast tilsetting som pedagogisk leiar og
100% vikariat fagarbeidar/assistent fram til 31.07.2021

Vi søkjer primært personar som har høgskuleutdanning/fagbrev, men personar med anna relevant utdanning/praksis kan og bli vurdert.

Vi søker etter personar som har:

Elvetun barnehage

Elvetun er ein privat barnehage som hadde oppstart august 2005. Vi har i dag 35 barn fordelt på to avdelingar i lag med 11 vaksne.

Barnehagen ligg flott til i nærleiken av Dale sentrum med kort veg til skog og mark.

Du vil få jobbe i ein barnehage som har stort fokus på utemiljø og som tykkjer det er viktig med mange og varierte opplevingar i barn sin kvardag.

Vi har og vår eigen kokk som lagar varme sunne og gode måltid kvar dag.

- evna til å arbeide sjølvstendig

- likar seg saman med born

- evna til å vere aktiv og deltakande i samarbeid med andre

- har pågangsmot og stå på vilje for jobben

- godt humør

Vi kan tilby :

- variert arbeidsdag med utfordringar og mogelegheiter

- eit godt arbeidsmiljø

- mogelegheit til å kunne vere ute heile året i fellesskap med andre

- at ein får ta del i ei svært spennande og utviklande tid i barnas liv.

- vere med å legge grunnlaget vidare i vår barnehage.

Stillingane blir lønna etter PBL sine tariffar. Politiattest/helseattest vil bli krevd ved tilsetting.

Tykkjer du dette kan vere noko for deg,
ta gjerne kontakt med Dagleg leiar Anny-Mari Holm
på tlf 57 73 88 00 / 95 90 45 06
eller send søknad med CV til epost.

Søknadsfrist: 18.11.2020

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS